About me, altså om meg.
Eg,altså Martha, lagar bilete i olje, akvarell, blekk, tusj, blyant, trykketeknikkar, sparyboks, kullstift og alt så eg synes e gøy. Eg tar foto og syns redigering er juks, så difor må eg være der når lyset er rett.
Eg er nokså autodidakt når det kjem til utdanning. Har tatt Teikning, form og farge med saum og vidare på saum og design. Har ellers tatt kurs og leika meg til kunnskap om dei ulike materiala. Har fagbrev som sveisar, og likar å lage ting i metall. Bl.a skilettet til Blåskåla omtala lenger nede i artikkelen.
Eg har atelier på Meling, Bømlo, der eg e oppvaksen.
For å overleve arbeidar eg i Habiliteringstenesta i kommunen på kveldstid, og dermed kan eg jobbe i atelieret på dagtid som oftast.
Eg har ein sommarutstilling på Hiskjo som eg har hatt no i mange år, kalla Kunst Og Kaffi. Den pleier å være på den gamle skulen, sånn litt før skulestart i August.
I 2014 rota eg meg bort i Bømlo teater, og har no som oftes ansvar for rekvisitter. Utfordarnde og kjekt på ein gang.
Eg er også medlem i Bømlo kunstlag og geriljagruppa der. Kunstlaget har årlege utstillingar i kulturhuset på Svortland og på Moster i Tollhagen. Geriljaen gjer stunt rundt forbi, og siste er ei blåskål av stål og vaska havplast. Det var eit samabrbeid med Elizabeth Roberts.
Om inspirasjon
Bømlo`s beste vestkant. Utsikt rett te havs. Det er slik eg ser det frå glaset mot vest, rett ut Melingsvågen. Der er lyset vakkert, skiftande, blått og aftenrødt. Alle farger og nyansar. Det er der eg ser ut når eg har meg ein liten kopp kaffi og lure på kva eg skal gjere no då. Her er det lett å bli inspirert, lett å flyte vekk frå kvardagspjatt og andre trivialiteter. Litt vakker støy på musikken, så er dagen komplett.
Ink story
Different stages of ink, the finnish result is what you see. Some saw mountains, fire og birds. I dont have the answer, that is up to each and everyone.
Raven, Ravn, Crow, Kråke
I think its my favorite birds, beautiful and vice, scerey and mysterious.
Some older work.